Hyljarhildring - Ei forestilling med Hans W. Brimis ord og tonar

Sundag: 10. mars kl 2000 på Ole Bull Akademiet

 

Tolka av: Even Lysæter, Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Erlend Viken, Aslak Brimi, Per Anders B. Garnås og Nil Øyvind Bergset.

 

Hans W. Brimi (1917-1998) var ein engasjert og aktiv mann, både som felespelar og kulturperson. Hjå han var det alltid kobling mellom feleslåtten og forteljinga. Han var både ein tradisjonalist og ein nytenkjar som musikar, og aktiv både lokalt, regionalt og nasjonalt.

I forestillinga Hyljarhildring er musikken i sentrum - med Hans W. Brimi sine tekster og historiar som kontekst. Både historiar frå hans eige liv, samt soger og risper han sjølv brukte eller skreiv ned. I tillegg til musikarane vert musikken verbalt knytt saman av forteljar og skribenten Even Lusæter. Konserten tek utgangspunkt i ei plate som kom ut sist år.
Det er historiene - sogene om hyljarlivet, dei mange spelemannskrønene, kappleikshistoriene, og forteljingane om musikken - saman med dei klangfulle komposisjonane vi ynskjer å formidle. Ulike aktørar tolkar stemningane og historiene i musikken - på sine særeigne måtar.
Tilskipar er Voss Folkemusikkscene som er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag.
Og nettopp på Ole Bull Akademiet var Hans W. Brimi i ei årrekkje og bergtok studentane med sin musikk og forteljing.