Nominerte til Året lokallag 2017 av FolkOrg!

I april fekk me vita at Voss spelemannslag var mellom dei 3 lokallaga som var nominerte til å verta Årets lokallag 2017, basert på kva me gjorde i fjor. Dette var utruleg stas, og gjev motivasjon til å fortsetja å jobba. Her kan du lesa meir om kvifor me vart nominert. 

Margunn og Ragnhild drog i veg til hovudstaden og landsmøte siste helga i april. Diverre vart me ikkje Årets lokallag, og Vågå var ein verdig vinnar.