Om laget

Styret

Voss spelemannslag vart stifta i 1941 med Eirik Ringheim som formann.
 
Dei fyrste åra var laget fyrst og fremst ein møteplass for utøvande spelemenn med hardingfele som instrument, og andre som var interesserte i å høyra hardingfelemusikk. Ein samlast til øvingar og skipa til kappleikar og konsertar.
 
Seinare har aktiviteten vorte utvida til å omfatta dans og kveding.
 
Jostein Mæland har skrive om laget si soge i boka «Ervesylvet» som kom ut då laget var 60 år. Det vart også skrive ei lagssoge då laget var 25 år. Ervesylvet kan ein få kjøpa, om ein ynskjer.
 
Laget har vore, og er, aktivt og har skipa til mange kappleikar, turar og konsertar. Fem landskappleikar har vore skipa til på Voss, den siste i 2010, og eit uttal andre kappleikar. Laget har vore fire gonger til Malung på venskapsutveksling, og vore til USA og til Island i samarbeid med «Ridande vossabryllaup»
 
Laget dreiv tidlegare eigen musikkskule med opp til 25 elevar på hardingfele. Dette held ein på med i 25 år før opplæringa kom inn i Voss kulturskule.