Spelemannslaget 75 år

I år er det 75 år sidan laget vart stifta, og me ynskjer difor å markera dette med to konsertar i haust, ein i Oslo 5. november og ein på Voss 19. november. Me ynsker at både noverande og tidlegare deltakarar vert med på dette. Ta kontakt dersom du ikkje har høyrt noko allereie! 

2016-09-26 Les meir

Vossingane markerte seg på Hordamønstring

Det vart ein kjekk dag i Gimle i Bergen på Hordamønstring 12. mars. 

På Sjokoladekappleiken deltok 18 stk frå Voss spelemannslag i både spel, song og halling. Veldig kjekt! 

Siri Nordgård og Maria Arnetveit Jordalen deltok i toradarklassen for ungdom, der Siri kom fyrst denne gongen. I lagspel vann Voss spelemannslag. 

2016-03-18 Les meir