Hyllingskonsert for Lars Skjervheim saman med Fossegrimen på Osa-festivalen

Søndag 25. oktober arrangerte spelemannslaget og orkesteret Fossegrimen saman ein hyllingskonsert for Lars Skjervheim som avslutning på Osafestivalen 2015. Hovudverket på denne konserten var Skjervheim Jubiléumsmedley, som er samansett av 7-8 av Lars Skjervheim sine mest kjende slåttar, arr. for hardingfeler og orkester av Øivind Westby. I tillegg hadde spelemannslaget og Fossegrimen kvar sine avdelingar.

2015-10-10 Les meir
Lars 100

Samling i høve Lars Skjervheim sitt 100-års minne

Voss spelemannslag skipa helga 28-29. august til samvær for alle som er glade i musikken og historia til Lars Skjervheim.

2015-07-26 Les meir

HELGESAMLING SKJERVHEIMÅRET 2015, 27. FEB - 1. MARS

I samband med Skjervheimåret 2015,  som skal markere at det er 100 år sidan spelemannen Lars Skjervheim vart fødd, skipa Voss Spelemannslag i februar til helgesamling på Voss, der slåttar av og etter Skjervheim var fokus. Dette var eit kurs som var mynta på unge vaksne/vaksne.

 

Instruktørar:

Leif Rygg, Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes, Sigmund Eikås

2015-01-19 Les meir

Ungdomskurs på Voss 2015

Ungdomskurset vart i år halde som eit dagskurs 7. februar. Det var 30 deltakarar i hardingfele, kveding og toradar. Deltakarane fekk også ei felles økt i halling.

Instruktørar var: Håkon Høgemo, Kristoffer Kleiveland, Kari Finne Sognnæs, Tormod Kleiveland, Steinar Rygg og Knut Blikberg

Sjå bilete frå kurset her.

 

Les meir