På landskappleiken på Geilo tok Ami Petersson og Håkon Dregelid fyrsteplassen i dans hardingfele kl. A med rull. I tillegg fekk dei ein 6. plass med springar. Elles deltok Ellen Marie Selland Geithung i vokal A med 12. Plass og Kari Finne Sognnæs i vokal B med 3. plass.
Satoko Katagihara var med i hardingfele B og fekk ein 22. plass.
I lagspel senior fekk me 11. plass og i år deltok me også i lagdans, og det gjekk veldig bra med ein 10. plass.
17. mai skipa me til internasjonal fest i Ungdomshallen saman med Voss Ungdomslag og Voss Røde Kors. Underhalninga var dans song og musikk frå Iran, Kina og Noreg, og maten var norsk og kinesisk. Sidan vart det dans til spelemannslaget og gamaldansgruppa i ungdomslaget. Det var ganske bra oppslutnad og det vart ein triveleg og livleg kveld.
Sjokoladekappleik/Vossakappleik vart halde i Haugatun 26.april.
Det var god oppslutnad og god stemning. Den gjeve vandrepremien gjekk i år til Johanne Blikberg Herheim på fele.
Det var Ellen Marie S. Geithung og Margun B. Nordgård som stod for arrangementet.