Hallingkurs for juniorar 12-13. mai

Andre helga i mai vekk me besøk av Martin Myhr og ein del av gjengen hans frå Torpo. Det var kjekt å få besøk av hallingane att, etter at me besøkte dei i fjor. 

Fredag kveld var det dans med sosialt samvær etterpå. Hotdog, pocorn og fri "bar" gjorde sitt til at det vart ein fin avslutning på kvelden. 

Laurdag vart det meir dansing, og me fekk besøk av både Torkjell Lunde Børsheim og C-klasse vinnaren frå LK2017 Jon Bugge Mariussen. Etter sjølve kurset drog me på Amfi-senteret og hadde oppvisning, før me avslutta hallinghelga med pizza og leik på Vangen skule. 

Det var ca 10 hallingar og 10 vossingar i alderen 7-11 år som var med på kurset. Det var også kjekt at det kom nokon nye "rekruttar" som også hadde lyst til å dansa.

Me trur det er viktig for juniorane våre å sjå at det er andre som også driv med det same som oss, og ser for oss at me kan ha eit samarbeid med hallingane framover.