I sorg over Bjarne Mæland (1939-2016)

Det var med sorg med mottok meldinga om at Bjarne var gått bort 11. januar. Bjarne var eit kjært medlem av spelemannslaget, og var aktiv i laget frå slutten av 50-åra og heilt til sist vinter. Han var ein allsidig musikar, som spelte både trekkspel og fele. Han vart difor flittig nytta til å spela i både brudlaup, festar og for leikarringen på folkloreframsyningar. I 1970-80-åra var han også med i den populære gamaldansgruppa «Reppen salongorkester».

Bjarne var ein trufast og glad spelemann som har hatt mykje å seia for folkemusikkmiljøet både lokalt og nasjonalt. Når Bjarne kom på speling, fekk me alltid ei god historie med på kjøpet. Oss som var yngre, tok han alltid godt imot. For sin innsats for spelemannslaget og folkemusikken, vart Bjarne utnemnd til Heidersmedlem i Voss spelemannslag.

I gravferda til Bjarne, var det vår tur til å heidra Bjarne med å spela bruremarsjen han sjølv hadde komponert, Høgtidsstunda.

Våre tankar går til familien. Me lyser fred over Bjarne sitt minne.