Det var med sorg me fekk meldinga om at vår gode ven Jon Jelmert og kona Marit Elisabet Tuft så tragisk mista livet i ei trafikkulykke i Fusa sundag 27. januar 2013.
Jon var ein fantastisk inspirator og læremeister for born som ville læra å spela fele. Han var alltid inkluderande og hadde alltid eit godt ord å koma med. Me er mange i laget som har fått gleda av Jon sine gode evner som spelepedagog, og som har fått læra han å kjenna.
Våre tankar går til familien. Me lyser fred over deira minne.