Det var med sorg me den siste dagen i januar fekk meldinga om at Marit Isungset var død etter ei tid med sjukdom. Marit var eit kjært medlem i spelemannslaget, som alltid stilte opp med kontrabassen når me trengte nokon til å kompe. Marit var aldri vanskeleg å be, og det gode humøret hennar smitta over på oss andre. Saknet av Marit er sårt, men minnene om henne og tonane hennar lever vidare. Våre tankar går til familien. Me lyser fred over Marit sitt minne.