Jubileumskonsertar i Oslo og på Voss

I høve laget sitt 75-årsjubileum var dei vaksne i laget til Oslo 5. november og hadde konsert på Riksscenen. Dette var ein kjekk tur for oss som var med, og me synst sjølv at me fekk til ein flott konsert i Tigerstaden. 

To veker seinare, 19. november, var det tid for å halda jubieumskonsert her heime, og denne gongen fekk me med oss alle dei unge i laget. Dette var veldig kjekt og me er veldig stolte over at me klarar å stabla på beina ein konsert med 50 aktørar på scena, og at me fekk fortalt historia til laget.

Her er kva avisa Hordaland skreiv etter Vossakonserten. 

Facebook, bilete tekne av Knut Utler i Oslo.

Facebook, bilete tekne av Arne Mala på Voss.