Konsert med Le Vend Du Nord 15. februar kl 2000 i Kultursalen

Voss Folkemusikkscene presenterer i samarbeid med Voss Kulturhus Le Vent Du Nord frå Quebec i Canada.

 Billettpris: kr 250,-

 

 
15. februar vert det ein stemningsfull konsert med Canada sitt folkemusikkband nummer ein, Le Vent du Nord. Gjennom ti år har Le Vent du Nord etablert ein internasjonal karriere som mange kan misunne dei. I november vart dei tildelte den prestisjetunge prisen Grand Prix du Disque 2012 for jubileumsplata "Tromper le temps".

Dette er eit samarbeid mellom Voss Folkemusikkscene og Voss Kulturhus. Me hadde dei på Voss for omlag 2 år sidan med stornøgd publikum.


http://www.leventdunord.com/