Kulturkveld i Myrkdalen på Lars Skjervheim sin 100-årsdag 20. november 2015

Etter å ha markert 100-årsjubileet til Lars Skjervheim gjennom ulike arrangement i heile år, vart det me har kalla Skjervheimsåret avslutta med ein kjekk kulturkveld i Myrkdalen saman med songkoret Strendingen og Myrkdalen bygdekvinnelag. tillegg er me så heldige å få ein av landet sine beste hardingfelespelarar Gro Marie Svidal frå Jølster på besøk. Me er svært glade for at ho vil vera med og spela for oss denne kvelden.

Her er avisa Hordaland si dekking av kulturkvelden