Kurs for ungdom

9.-11. mars 2012 arrangerte Voss spelemannslag kurs for ungdom i hardingfele og toradar.

Då var 35 ungdomar samla for å læra meir om tradisjonell folkemusikk, samtidig som det var eit fokus på arrangement og samspel. Me vart kjende med nye vener og hadde det kjekt med god mat, dans og ikkje minst ein skitur på sundagen.

Sjå bilete under "Galleri".
Instruktørar på kurset var:
  • Toradar: Hilde Fjerdingøy.
  • Hardingfele: Håkon Høgemo, John Ole Morken, Lajla Renate Storli, Jon Jelmert og Steinar Rygg
  • Samspel: Åsmund Espeland 
  • Dans laurdagkvelden: Haldis Folkedal
Me brukte Voss Husflidskule som kurslokale, og deltakarane overnatta på Voss Vandrarheim. Laurdagkvelden var det intern konsert på Voss Vandrarheim, med dans etterpå. Sundag avslutta me kursaktivitet tidleg, og ei brukte resten av dagen på ski.
Kurset vart støtta av KOMP-midlar og Hordaland folkemusikklag.