Kvedarane på tur til Sogn 3. april

Sundag 4.april 2016 var kvedarane i spelemannslaget og småkvedarane frå Vossestrand i Kaupanger, på besøk til Judith Vestreim og Krudlalaget. 

Frå Voss var det 9 kvedarar som tok turen, og til saman med Krudlalaget var det 20 ungar som møttest denne dagen. Instruktørar var Judith Vestreim (leiar for Krudlalaget) og Kari Finne Sognnæs (leiar for vossakvedarane). Me heldt til på Sogn Folkemuseum, som ligg på Vestreim i Kaupanger. Der starta me dagen kl.11. Me song for kvarandre, og fann fram til felles repertoar. Kari lærte ut ein ny song, «Her e me grannar». 

Kl.12 var det lunsjpause med tomatsuppe og brød. Etter lunsj gjekk me tur ute på museumsområde. Der fann me ulike bygningar og gjenstandar, og song songar som hadde tema rundt desse. Då me kom inn att song Judith ein song som alle kvedarane fekk teikna etterpå. På slutten av dagen inviterte me alle foreldra til konsert. Me framførte vårt felles repertoar, og begge gruppene song nokre songar kvar for seg. Det var også nokre solo- og duoinnslag på konserten. Etterpå var det servering av pannekaker, og kaffi til dei vaksne. 

Dette vart ein svært vellykka dag, med spennande og positive møter. Me satsar på å få til eit nytt møte med Krudlalaget til hausten.