Landskappleiken i Vågå, 22-26. juni

Dei som drog til Vågå rapporterer om ein kjekk kappleik. Her er resultatet: 

Leif Rygg vann spel hardingfele klasse D, og fekk i tillegg tildelt Torkjell Haugerud prisen for sitt "svært omfattande arbeid som utøvar, pedagog, lagsmann og inspirerande eldsjel." Dette tykkje spelemannslaget var veldig kjekt og me gratulerer Leif så mykje med prisen! Resten av grunngjevinga finn du her.  

Berit Opheim gjorde det også skarpt og vart finalist i kveding klasse A.

I durspel junior vart det ein fin 2. plass til Siri Nordgård. Det er kjekt at laget har fått deltakarar i durspel på landskappleiken!

I dans hardingfele klasse A gjorde Ami Petersson og Håkon Dregelid det som vanleg sterkt og fekk 5. plass med vossaspringar og 6. plass med vossarudl. 

Laget deltok dessutan i lagspel og lagdans senior, og Arne Anderdal i spel hardingfele kl. A og Ellen Marie Selland Geithung i kveding klasse A. 

For fullstendig resultatliste, sjå her