SPELEMANNSREISE GJENNOM 70 ÅR
Frå tidlege barndomsår i Haugsvik på Vossestrand, til soloframføring av ”Budeiene på Vikafjellet” i Den Norske Opera i fjor, tar spelemannen Leif Rygg oss med på si eigen musikalske reise ned i folkemusikken og solospelet, som har stått han nærast gjennom no 70 år. Hardingfela har alltid vore Leif sin faste fylgjesven, og denne konserten vil gjenspegla Leif sitt virke som musikar, læremeister, dommar og meister. Eit djupdykk i eit spelemannsliv er det som blir presentert på Tre Brør Bar denne kvelden. Vel møtt.
Gjestemusikar: Arvid Torsvik, trekkspel