Audhild Rygg vart på årsmøtet i 2014 utnemnd til ny heidersmedlem i Voss Spelemannslag. Ho har i meir enn 40 år vore ein særs aktiv medlem i laget og har lagt ned ein stor innsats for folkemusikken og folkedansen. Mellom anna har ho fleire periodar med ulike verv i styret. På alle kappleikar laget har skipa til i denne perioden har Audhild vore ein viktig bidragsytar, og det har ho og i samband med svært mange andre små og store tilskipingar laget har hatt.
Ho har og vore styremedlem i Landslaget for Spelemenn og leiar i Hordaland Folkemusikklag.