Samling i høve Lars Skjervheim sitt 100-års minne

Voss spelemannslag skipa helga 28-29. august til samvær for alle som er glade i musikken og historia til Lars Skjervheim.

Laurdag vart ein triveleg dag på Strondè, og det var mange som møtte for å vera med på fyrst busstur til Myrkdalen, med besøk på mellom anna Helgelandssteinen og på garden Skjervheim. Veldig triveleg var det å få treffa Ragnhild Skjervheim og å spela Farnesbrura til henne.

Etter bussturen vart det lunsj på Vossestølen, før det vart seminar. Her fekk me høyra historia om Lars, høyra innspelte slåttar spela av komponisten Lars sjølv og av spelemenn i laget. Det var òg mykje folk som møtte her.

Om kvelden vart det bygdakveld, med underhaldning og dans.

Det var mange som var med og gjorde dette til ein vellukka dag. Tusen takk!

Sjå bilete teke av Kjell Herheim på Gallerisida vår og Svein Ulvund her.