Sjokoladekappleik 11. april

Tradisjonen tru vart det også i år halda Sjokoladekappleik i Haugatun (Haugsvik), torsdag 11. april. Det var stor deltaking, mange små og nokon store. Det vart framføringar i både song og på ulike instrument, og både i solo og gruppe.

Den ettertrakta og gjeve vandrarpremien (eit par skor) gjekk i år til Maria Arnetveit Jordalen. Gratulerar!