Sjokoladekappleik!

Tysdag 20. mars 2012 var det sjokoladekappleik i Haugatun (ungdomshuset i Haugsvik). Det var stor deltaking på kappleiken, med ca 50 innslag på scenen. Alle stilte i ”open klasse”, og her var alt frå song, hallingdans, hardingfele, munnharpe, piano, akkordeon og cello!

Alle innslag vart premiert med sjokolade, og diplom med kommentar om framføringa. Dei som stod bak kommentarane var Arne Anderdal og Åsviv Reigstad.

I tillegg er det ein vandrepremie (eit par sko str. 46) som vert delt ut til den som domarane synest fortener det. I år vart det Tuva  som fekk vandrepremien, med den flotte songen sin.