5-7. oktober var det Vestlandskappleik på Osterøy, og me var ein heil gjeng vossingar som la turen til Nord-Europa's største innlandsøy denne helga.
Den som markerte seg skarpast var Steinar Rygg som gjekk til topps i A-klassa i spel. Gratulerar!
Andre vossingar som markerte seg godt var Arne Anderdal (B-klassen) og Brynjar M. M. Osgjerd (C-klassen). Juniorane Vossagruv og seniorane i Voss spelemannslag deltok òg, men nådde ikkje heilt opp denne gongen. Morro var det lell!
For full resultatliste, sjå her.