9-10. september tok dei unge kvedarane og hallingdansarane turen til Hallingdal for å treffa Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr på Torpo. Det vart ein kjekk tur med dans/song både fredag kveld og laurdag. Me fekk læra mykje nytt og verta kjent med hallingar som driv med det same som oss. Turen vart avslutta med bading på Tropicana.