• Me starta opp med ei lita reise i Mosafinn sine fotafar, der turen starta ved Mosafinn-monumentet på Vangen, og gjekk vidare i buss til stader knytt til Mosafinn.
• Etter denne rundturen vart det Mosafinn-konsert i biblioteket, med Knut Hamre, Leif Rygg, Øystein Velure og Voss spelemannslag. Det kom over 80 på konserten, så det er tydeleg at Ola Mosafinn dreg folk til konsertar den dag i dag.
• Om kvelden kosa me oss med middag, spel og dans på Ole Bull Akademiet saman med Hordaland Follemusikklag, som feira 30-årsjubilèum på Voss denne helga.
Sjå "Hordaland" si dekning av saka tysdag 20. november 2012. Foto: Anne Rivenes