Velkomne til Vestlandskappleik på Voss i 2018!

Voss spelemannslag har gleda av å ynskja velkomne til Vestlandskappleik på Voss helga 26-28. oktober 2018!

Kappleiken vil føregå same helga som Osafestivalen, og ha samarbeid kring konsertar og dans på kveldane med festivalen. 
Sjølve kappleiken vert slik kappleikar skal vera, med tevling, drøs og kafe, i Voss gymnas sitt nye skulebygg. 

Me ynskjer songarar, dansarar, spelfolk, unge, gamle og publikum velkomne til ei innhaldsrik helg på Voss! 

For dei unge kan me røpa at tevlingane vert fredag kveld, slik at dei som vil kan vera med på UngOsa resten av helga. 

Det er mange overnattingsmogelegheiter på Voss, sjå her.

Set av helga, så vil det koma meir informasjon etterkvart.